Heim Epost Sidekart

Ørsta / Volda Pistolklubb
Boks 348
6151 Ørsta

Epost, formann:  
formann[alfa]ovpk.org

Epost, webside/kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her.

Generalprøve på banestemne

Fredag 19. desember frå kl 20 blir det generalprøve på arrangering av banestemne med dei elektroniske skivene.  Det blir litt meir oppstyr rundt skytinga, men vi skyt NAIS programmet som planlagt. Håper det kjem mange skyttarar slik at det blir fleire lag.

Vi skal arrangere banestemne så tidleg som den 11. januar 2015 og har behov for å øve og blir kjent med bruken av all den nye elektronikken og dei nye dataprogramma i god tid før den dagen.

Denne fredagen vil vi sette opp to datamaskiner på bakrommet og registrere skyttarane og laga der. Vidare vil vi vise treffa våre i sann tid på veggen i bakrommet. Utover dette blir fredagen ein vanleg øvingskveld.

NAIS skyting 2014

Fredag 12. desember var første dag med NAIS-skyting på elektroniske skiver. Vi brukar skyteøvingane mandagar og fredagar til og med mandag 22. desember til dette programmet. 

Mange medlemar har delteke på denne skytinga i fleire år og har motteke vidarekomande medaljar. Vi skyt på dei store skivene med bedre tid enn i dei vanlege programma. NSF har sett opp reglane for NAIS-programmet. Vi har samla ein kortversjon for pistol. Medlemane i ØVPK klarte desse resultata i 2013. Resultat så langt for 2014 viser her. Vel møtt også dette året.

Skyteøvingar på kulturhuset hausten 2014

Skyteøvingane i kjellaren av Ørsta Kulturhus går no mandagar frå kl 18 og fredagar frå kl 20 på same måten som tidlegare vintrar. Dei elektroniske skivene virkar framleis .... Vel møtt til nye og meir røynde pistolskyttarar.

Resultat svartkruttstemne 31.8.2014

svartkruttstemne_310814.docx

Spesialfeltstemne i Sollidalen

Søndag 24. august 2014 arrangerte ØVPK stemne i Sollidalen frå kl 10. Denne dagen kunne deltakarane skyte med spesialpistolar og -revolvarar samt våpen for magnum 1 og 2. Små våpen og kraftige smell på samme dag.

Stemnet er avvikla og kan beskrivast som vellukka. Resultata viser 28 startar og deltakarar frå Nesset i nord til Eid i sør. Rolf Toven oppnådde den maksimale poengsummen i alle klassene og er den suverene vinnaren.

Resultat svartkruttstemne torsdag 14.8.

svartkruttstemne_140414.docx

Resultat Svartkruttstemne 15.5.2014

resultat_svartkrutt_15052014.pdf

Feltstemne Kristi himmelfartsdag

Ørsta/Volda Pistolklubb arrangerte torsdag den 29. mai 2014 feltstemne i Sollidalen. Dette er vårt tradisjonelle terminfesta stemne på Kristi himmelfartsdag. I år var stemnet også kretsmeisterskap i millitærfelt og revolvarfelt og veret viste seg frå ei framifrå side for skyting. Som vanleg blei tilreisande skyttarar prioriterte først ved påmelding.

Resultatlista viser 126 startar og mange gode resultat. Det er veldig positivt at fleire fra ØVPK skaut godt i denne konkurransen.

Elektroniske skiver på skytebana i kulturhuset

Vi har teke i bruk 8 elektroniske skiver ved skytebana i Ørsta Kulturhus. No får skyttarane sjå treffpunktet på ein skjerm etter kvart skot. Unntaket er ved skyting av program der serien har kort skytetid. Då får ein sjå treffpunkta etter skytetida for serien. Dei elektroniske skivene gjer at det går raskare å gjennomføre eit program, så vi har betre kapasitet på skytebana enn tidlegare. Oppfordrar alle medlemar til å møte fram på øvingskveldane, prøve nyvinninga, øve seg på pistolskyting og delta i vintercupen.

Konkurranse fripistol

Den 7. desember 2013 arrangerte ØVPK terminfesta konkurranse på bana i Samfunnshuset/kulturhuset i Ørsta. Det blei konkurrert i fripistol med coltskiver som blinkar. Resultata er også lagra under menyvalet RESULTATLISTER - 2013.

Stemne spesialfelt september 2013

Søndag den 8. september 2013 arrangerte ØVPK stemne i spesialfelt i Sollidalen. Resultata viser 33 startar og mange gode skyteresultat. Takk til alle som møtte fram og deltok.

Stemne i spesialfelt betyr at ein kan skyte i klassene spesialpistol, spesialrevolvar, magnum 1 og magnum 2. Denne dagen sette vi opp halv løype, dvs 5 standplassar. To standplassar var felles for spesial og magnum. Her var det mange kraftige smell og mykje moro !

Feltstemne august 2013

ØVPK var vertskap for feltstemne i Sollidalen søndag 4. august 2013. Dagen gav mykje opphaldsver, men på slutten av dagen kom regnet. Resultata etter dagen viser mange frammøtte og 69 startar. Ikkje uventa vart Rolf Toven frå Nesset Pistolklubb vinnar i tre klasser. Vi legg også merke til at av dei 4 som klarte alle poenga i ein klasse, var to fra arrangørklubben og ein tredje har vore medlem i klubben i mange år. Takk til alle frammøtte frå nært og fjernt for deltaking og godt humør :-)

Under eit slikt feltstemne kan ein skyte i klassene finfelt, grovfelt, millitærfelt og revolvarfelt, altså fire startar på ein dag !

Vi takkar også alle medlemar som møtte fram og bidrog som standplassleiarar, klistrarar, dommar og å bemanne sekretariatet. Det er ekstra gledeleg at det deltok skyttarar som ikkje har prøvd feltskyting før. Inntrykket er at dei likte det dei opplevde.

Feltstemne Kristi himmelfartsdag

Ørsta/Volda Pistolklubb arrangerte også i 2013 vårt tradisjonelle feltstemne i Sollidalen på Kristi himmelfartsdag. Dette året var stemnet den 9. mai.

Mange av klubben sine medlemar og mange tilreisande møtte fram og deltok. Vi takkar alle som møtte fram og deltok som skyttar, standplassleiar, klistrar, sekretariat, blinkspikrar med meir. Saman bidro vi til at det blei eit godt stemne med god deltaking og mange gode skyteresultat.

Konkurranse standardpistol

Vi arrangerte konkurranse i programet standardpistol søndag 24. mars 2013 på bana i Kulturhuset i Ørsta. Mange av våre medlemar møtte fram. Det same gjorde pistolskyttarar frå Måløy til Vigra. Resultatlista viser 21 deltakarar.

Denne gangen inneheld terminlista ingen andre konkurransar på den same dagen. Den neste konkurransen i Møre og Romsdal er så langt fram i tid som den 15. april.

Resultat svartkruttstemne laurdag 25.8. 

Olav Arne Sulebakk ladar flintlåsbørsa.

ØVPK arrangerte approbert svartkruttstemne i Sollidalen laurdag 25.8. Det vart 12 startar i godt skytever.

svartkrutt250812.pdf

Praktisk skyting: NVSSL med ny heimeside

Nordvest sportsskyttarlag har fått ny heimeside: http://www.nvssl.com.

Ørsta/Volda pistolklubb har ikkje eiga gruppe som driv med praktisk skyting (www.nfps.no), men har heilt sidan starten i 1984 samarbeida med NVSSL når det gjeld denne skytegreina.

Er du interessert i å starte med dette, kan du kontakte ØVPK sin kontaktperson for praktisk skyting, Tore Lundberg, eller leiaren i NVSSL, Bjørnar Osnes.

NVSSL samarbeider med, og rekrutterer medlemmar frå Vestnes pistolklubb, Ålesund pistolklubb, Hjørungavåg pistolklubb, Sykkylven pistolklubb og Ørsta/Volda pistolklubb. Det vert lagt opp til minst 4 stemner i året, eit på kvar av plassane Ålesund, Sykkylven, Hjørungavåg og Ørsta/Volda.

Foto frå felt-NM på Oppdal

ØVPK hadde i år fire deltakarar på felt-NM på Oppdal. Eit strålande avvikla stemne med flotte standplassar, fint ver og svært dyktige arrangørar. Fleire frå klubben burde vere med!

Noregsmeisterskapen for 2012 i feltskyting med handvåpen vart avvikla i Oppdal. Resultata er lagt inn under menyvalet RESULTATLISTER og 2012. Frå listene kan vi nemne at Tore Lundberg kom på 24 plass i si klasse V50 i millitærfelt. Morten Lien og Bjørnar Osnes var nær 50. plass i revolverfelt og millitærfelt.

Kva for eit rør skal vi overnatte i i natt?Rolf Toven på beste hand.Olav Melkild hadde full kontroll på standplassen sin. Ein 6-sekundar.Olav Melkild på plass med godbilen.Tuskhandlarane var på plass!

STØTT ØVPK NÅR DU TIPPAR - HEILT GRATIS!

Grasrotandelen er ei ordning der 5% av din innsats går til klubben i ditt hjerte. Det er vel ingen tvil om at det er ØVPK. Og det kostar deg ingenting. Neste gong du tippar be om at spelekortet ditt vert knytt til Ørsta/Volda Pistolklubb. Bruk spelekortet du har eller be om eit nytt. Oppi ØVPK sitt org.nr: 993813230, eller be om at ekspeditøren søkjer opp. Tippekommisjonæren gjer resten og du har blitt støttespelar.

Resultat av dugnad på bana i Ørsta

Oppgraderomga av rommet bak bana i kjellaren av Ørsta Kulturhus er no nært ferdig. Veggar er isolerte og har fått panel, i taket har vi lagt takplater og golvet er flislagt.

Ørsta / Volda Pistolklubb takkar medlemane  i komiteen for oppgradering av rommet og dei mange som har delteke på dugnadane; Både medlemar frå Ørsta / Volda Pistolklubb og frå Hovdebygda og Ørsta skyttarlag.

DOKUMENTASJON AV AKTIVITET

For å kjøpe OG inneha pistol/revolvar krev Våpenlova med forskrifter at ein har eit visst aktivitetsnivå og stemnedeltaking. Politidirektoratet har tydelegvis bedt politidistrikta om å følge opp dette. Og enkelte distrikt bed no innehavarane av pistol/revolvar om å dokumentere aktiviteten sin. Vi tek med eit slikt brev frå Gjøvik her. Og bed medlemmane våre vere førebudde på at det kan verte krevd slik dokumentasjon også i vårt distrikt.

4hxjxs.jpg

Webdesign og CMS: Osberget AS