Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta / Volda Pistolklubb
Boks 348
6151 Ørsta

Epost, formann:  
formann[alfa]ovpk.org

Epost, webside/kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her.

Dugnad før NorgesFelt-stemne

Det blir dugnad på pistolbana i Sollidalen fredag den 4. september frå kl 18. Vi må gjere bana og blinkar klare til NorgesFelt-stemnet søndag den 13. Vi har fått gjort mykje på dugnadane før i sommar og det har vi nytte av no og framover. Til dette stemnet er det noko meir vi treng å gjere klart på bana vår. Enkel servering. Vel Møtt !

Førsteprioritet blant oppgåver er å gjere klar blinkar til stemnet. Vi må lage ei NorgesFelt-løype til to på kvart lag. Det arbeidet består av snikring av 5 stativ til 15 meter skyteavstand og stifting av voksduk, blinkar, tal og bokstavar på plater. Andre oppgåver:

  • Slå gras & bringebær framfor huset (gjerne andre stadar rundt bana også).
  • Blinkstativet 25 meter framfor huset må få ein midlertidig utviding til høgre.
  • Klippe ned trespirar på taket og rundt huset.
  • Laminering av informasjonsmateriell. Utført før dugnaden tok til :-)
  • Andre oppgåver?

Fint om deltakarane kan ta med verktøy til slike oppgåver. Det blir mykje stifting, kapping av trematerial og skruing. Svein Arve vil ta med sag. Klubben har tre stiftemaskiner og ei skrumaskin, så fint om nokon kan ta med skrumaskin.

Organiserte feltaktivitetar august og september

ØVPK held fram med konkurransar/øvingar/stemner i feltskyting for handvåpen i Sollidalen i august og september 2015. Vaktene tek med klubbvåpen og litt amunisjon for sal, slik at alle medlemar kan delta. Vi tok til den 5. august. Vel møtt til sosial skyting og moro igjen etter sommarferien! Resultatlista frå 28. august er klar. Resultat frå tidlegare klubbstemner i år er i menyen under Resultatlister og 2015.

Feltstemne Spesial og Magnum august 2015

Ørsta/Volda Pistolklubb arrangerte spesialfeltstemne i Sollidalen søndag den 23. august 2015. Mange pistolskyttarar møtte fram til sosialt lag og for å konkurrere.  Det vart skote med små pistolar og revolverar og vi opplevde mange kraftige smell frå skyttarar i magnum-klassene. Skytedagen hadde blå himmel og var ein av dei varmaste i Sollidalen til no denne sumaren.

Svartkruttstemner

Våre svartkruttskyttarar har delteke på to stemner dei siste dagane. Fyrst arrangerte Breimsbygda Svartkrutt stemne den 9. august, deretter hadde ØVPK stemne den 13. august 2015.

Pistolskytekonkurransar i juli

NM i Feltskyting 2015 foregikk 15. - 18. juli og var åpen for alle pistolskyttarar. I år var Ringerike Pistolklubb arrangør og konkurransen foregikk nær Hønefoss. 3 medlemar deltok og ein annan la ferien sin til området og var innom skytebana.

ØVPK hadde også ein deltakar på NM i spesialfelt den 24. og 25. juli. Arrangørar var Oppdal PK, Støren SSK og Sunndal PK og skytinga foregikk på Oppdal.

Svartkruttstemne 25. juni

ØVPK arrangerte svartkruttstemne i Sollidalen den 25. juni 2015. Resultatlista er klar.

Svartkruttstemne

ØVPK arrangerte svartkruttstemne i Sollidalen den 7. juni 2015. Resultatlista er klar.

Feltstemne Kristi himmelfartsdag 2015

ØVPK arrangerte også i 2015 feltstemne for pistolskyttarar i Sollidalen på Kristi himmelfartsdag; torsdag den 14. mai. Dette var det første feltstemnet på Sunnmøre i år, yr.no spådde solglytt og mange hadde fri frå arbeid. Vi hadde håp om godt oppmøte på skytebana -og det slo til.

Resultatlista syner heile 138 startar og mange gode skyteresultat. Gratulerer til Morten Lien som traff best av alle. Heile 4 skyttarar klarte alle poenga i Finfelt. Det var så tett i toppen at to skyttarar deler andreplassen. Kanskje vi må lage ei vanskelegare løype neste gong. Takk til alle frammøtte for bidraget til at dagen blei god og med mykje moro i godt lag. Bilder frå dagen kan sjåast når heile artikkelen viser (trykk evt på «Les meir»).

Svartkruttstemne

ØVPK arrangerte svartkruttstemne i Sollidalen den 7. mai 2015. Resultatlista er klar.

Kva er Min Idrett?

Min Idrett er din veg inn til Norges Idrettsforbund (NIF). Alle pistolklubbane i landet er kollektivt overført til NIF sitt regime for medlemshandtering. Dette består av fleire program, men dei 2 viktigaste som vi brukar er MinIdrett og KlubbAdmin.

Banestemne på Kulturhuset februar 2015

Ørsta/Volda Pistolklubb arrangerte banestemne på Ørsta kulturhus laurdag 28. februar. Denne dagen inviterte vi pistolskyttarar til å skyte programmet Finpistol. Pistolskyttarar frå andre klubbar kunne delta på stemnet ved å skyte programmet ved si eiga heimebane og få resultata sende til oss, eller ved å møte fram på stemnedagen. Resultatlista etter stemnet er innlagt i terminlista.

Første banestemnet med elektroniske skiver gjennomført

Søndag den 11. januar 2015 arrangerte ØVPK stemne i programmet Standardpistol. Stemnet var eit korrespondansestemne, slik at skyttarar kunne delta i stemnet frå si eiga heimebane. Det møtte likevel fram skyttarar frå andre pistolklubbar.

Blåturar / Utdrikkingslag / andre opplevingsturar

Pistolklkubben arrangerar frå tid til anna delar av blåturar / utdrikkingslag / sosiale aktivitetar ved skytebana i Sollidalen eller på Ørsta kulturhus. Sist sumaren 2015. Her får deltakarane oppleve å skyte med pistol - kanskje for første gang. Klubben stiller med vakter som passar på at alt foregår med god sikkerheit, slik at ingen skal bli skadde.

Vi kan ta imot grupper som vil oppleve det å skyte på blink med pistol. Ein kan variere aktiviteten på fleir måtar. Nokon likar å konkurrere seg imellom, mens  andre vil fokusere på det å være saman og gjere noko i ein uvant situasjon/setting. Vi kan ta imot grupper på opp til 16 personar i gangen og stiller med alt nødvendig utstyr; pistolar, ammunisjon samt hørselvern og vernebriller.

Fleire av dei aktive i Sandane Pistolklubb per juni 2014 kom i kontakt med miljøet nettopp på denne måten. Deltakarar som ynskjer å fortsette å skyte, kan ta til med sporten på vanleg måte.

Dei som planlegg ein aktivitet der dette kan passe inn, kan ta kontakt med formannen i Ørsta/Volda Pistolklubb på epostadressa oppe til venstre på sida. Ta gjerne kontakt i god tid, slik at vi kan organisere vakter og liknande.

Elektroniske skiver på skytebana i kulturhuset

Vi har teke i bruk 8 elektroniske skiver ved skytebana i Ørsta Kulturhus. No får skyttarane sjå treffpunktet på ein skjerm etter kvart skot. Unntaket er ved skyting av program der serien har kort skytetid. Då får ein sjå treffpunkta etter skytetida for serien. Dei elektroniske skivene gjer at det går raskare å gjennomføre eit program, så vi har betre kapasitet på skytebana enn tidlegare. Oppfordrar alle medlemar til å møte fram på øvingskveldane, prøve nyvinninga, øve seg på pistolskyting og delta i vintercupen.

Resultat av dugnad på bana i Ørsta

Rommet bak skytebana i kjellaren av Ørsta Kulturhus blei i november 2011 oppgradert til standarden på bildet. Veggar er isolerte og har fått panel, i taket har vi lagt takplater og golvet er flislagt.

Ørsta / Volda Pistolklubb takkar medlemane i komiteen for oppgradering av rommet og dei mange som deltok på dugnadane; Både medlemar frå Ørsta / Volda Pistolklubb og frå Hovdebygda og Ørsta skyttarlag.

DOKUMENTASJON AV AKTIVITET

For å kjøpe OG inneha pistol/revolvar krev Våpenlova med forskrifter at ein har eit visst aktivitetsnivå og stemnedeltaking. Politidirektoratet har tydelegvis bedt politidistrikta om å følge opp dette. Og enkelte distrikt bed no innehavarane av pistol/revolvar om å dokumentere aktiviteten sin. Vi tek med eit slikt brev frå Gjøvik her. Og bed medlemmane våre vere førebudde på at det kan verte krevd slik dokumentasjon også i vårt distrikt.

4hxjxs.jpg

STØTT ØVPK NÅR DU TIPPAR - HEILT GRATIS!

Grasrotandelen er ei ordning der 5% av din innsats går til klubben i ditt hjerte. Det er vel ingen tvil om at det er ØVPK. Og det kostar deg ingenting. Neste gong du tippar be om at spelekortet ditt vert knytt til Ørsta/Volda Pistolklubb. Bruk spelekortet du har eller be om eit nytt. Oppi ØVPK sitt org.nr: 993813230, eller be om at ekspeditøren søkjer opp. Tippekommisjonæren gjer resten og du har blitt støttespelar.

Webdesign og CMS: Osberget AS